Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Kurs i tilgjengelighet som konkurransekraft – korleis kommunisere i digitale flater

18. november @ 10:00– 11:00
kr2000
AI illustrert bilde av person i rullestol

Mange bedrifter gjer meir enn dei fortel om. Andre lovar meir enn dei kan halde. Begge delar svekkjer tilliten – og tilliten er avgjerande for gjester med særlege behov.

Dette kurset handlar om korleis du kommuniserer tilgjengelegheit på ein truverdig, presis og inviterande måte i digitale kanalar: på nettsida di, i sosiale medium, på bookingplattformar og i biletbruk. Du lærer kva informasjon gjestane faktisk treng, korleis du unngår klassiske feil, og korleis god kommunikasjon kan gje deg eit konkurransefortrinn.

Kurset er utvikla i samarbeid med INKLU Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.

Passar for: marknadsførarar, kommunikasjonsansvarlege og alle som produserer innhald for reiselivsbedrifter.

Dette kurset er ein del av Tilgjengelegheit som konkurransekraft – ein kursserie utvikla under AccessNorway-satsinga til Norwegian Travel Cluster. Målet er at norsk reiseliv og lokalsamfunn skal ta ut det store moglegheitsrommet som ligg i tilgjengeleg reiseliv. Du kan melde deg på eitt kurs eller heile serien – kvart kurs står på eigne bein.

Bedrifter som er medlemmer i Rada Reiseliv, får 75 % rabatt ved bruk av rabattkode. Send e-post til [email protected] for å få koden.

Meld deg på her 

Detaljer

Arrangør

  • Norwegian Travel Cluster