Kurs i tilgjengelighet som konkurransekraft – fra potensiell til lønnsom praksis

Visste du at over 1 milliard menneske i verda lever med ei eller anna form for funksjonsnedsetting – og at dei reiser? Tilgjengeleg reiseliv er ikkje berre samfunnsansvar, det er ein marknad som norske reisemål i liten grad har teke ut potensialet av.
I dette kurset får du oversikt over kva tilgjengeleg reiseliv faktisk inneber, kvifor det løner seg å prioritere det, og kva som kjenneteiknar destinasjonar og bedrifter som lukkast. Vi ser på målgruppene, reisevanane deira og kva som avgjer valet av reisemål – og vi ser på korleis du kan ta dei første stega.
Kurset er utvikla i samarbeid med INKLU Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.
Passar for: reiselivsbedrifter, destinasjonsselskap, kommunar og andre som vil forstå moglegheitsrommet.
Dette kurset er ein del av Tilgjengelegheit som konkurransekraft – ein kursserie utvikla under AccessNorway-satsinga til Norwegian Travel Cluster. Målet er at norsk reiseliv og lokalsamfunn skal ta ut det store moglegheitsrommet som ligg i tilgjengeleg reiseliv. Du kan melde deg på eitt kurs eller heile serien – kvart kurs står på eigne bein.
Bedrifter som er medlemmer av Rada Reiseliv, får 75 % rabatt ved bruk av rabattkode. Send e-post til [email protected] for rabattkode.